Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Formålet med tilskudd.no

Formålet med tilskudd.no

Tilskudd.no skal vere nyttig for frivillige organisasjonar som søker tilskot, for tilskotsforvaltarar, ulike departement, politikarar, media og offentlegheita. Nettstaden skal gi oversikt, vise samanhengar og bidra til openheit om tilskotsområdet i staten.

Ein samla og open oversikt over tildelingar av tilskotsmidlar kan gi mange samfunnsgevinstar.  

Frivillige organisasjonar kan bruke meir tid på eigen aktivitet  

Frivillige organisasjonar bidrar til kompetanse og læring, er inkluderande og gir folk i alle aldrar anledning til å møtes, engasjere seg og være en del av et fellesskap.  

Regjering ønsker å sikre frivilligheita god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet. Kulturdepartementet koordinerer frivilligheitspolitikken i Noreg, og tilskudd.no er et frivilligheitspolitisk tiltak.   

Frivillige organisasjonar skal enkelt finne fram til relevante statlege tilskotsordningar dei kan søke på. Ei samla oversikt over ordningar vil spare søkarane for tiden det tar å sjekke ulike nettstadar og informasjon hos mange forvaltarar. Dette vil gi meir tid til aktiviteten organisasjonane sjølv har som sitt formål.  

Styrkar målsettinga for statlege tilskotsmidlar

Tilskudd.no bidrar med kunnskapsgrunnlag for forvaltninga gjennom oversikt over tilskotsordningar, målgrupper og mottakarar på tvers. Det gjer at forvaltninga kan vurdere innretninga av ordningane for å nå måla endå betre. Forvaltninga kan sjå verkemiddelbruken i samanheng og bruke dette i styringa.  

Ved at det blir enklare å finne fram til relevante statlege tilskotsordningar for frivillig sektor, forventar vi at ordningane når betre ut til fleire aktuelle søkarar. Det bidrar til auka konkurranse om midlane, og styrkar målet om at dei rette tiltaka får tilskot. 

Openheit og tillit til staten

Openheit er viktig for at vi skal kunne ha tillit til staten. Tilskudd.no viser korleis statlege tilskot til frivillige organisasjonar blir lyst ut og tildelt til mottakarane frå alle departement og tilskotsforvaltarar. Tenesta gir dermed innsyn og moglegheit til å samanlikne og analysere data om tilskot på ein meir heilskapleg måte enn før.  

Oversikten over tildelingar og mottakarar gir også grunnlag for oppfølging og kontroll, blant anna for å unngå dobbeltfinansiering og sikre at midlane blir tildelt i samsvar med regelverket om offentleg støtte, som følger av EØS-avtalen.

Fant du det du lette etter?