Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Kva er ein frivillig organisasjon

Kva er ein frivillig organisasjon

Det finst ikkje ein juridisk definisjon av frivillig organisasjon. I staden brukar vi kjenneteikn for å beskrive og avgrense kva som er frivillige organisasjonar. Ulike aktørar som forheld seg til frivilligheita, definerer og beskriv omgrepet ut frå sitt bruksområde.

Kjenneteikn

Kjenneteikn på ein frivillig organisasjon som ofte blir brukt, er at organisasjonen: 

- har sektorkode 7000 Ideelle organisasjonar i Einingsregisteret
- er registrert i Frivilligregisteret  
- ikkje er organisert av det offentlege
- ikkje har profitt/forteneste som formål

Frivillighet Norges definisjon 

Frivillighet Norge, samarbeidsforum for frivillige organisasjoner i Noreg, definerer ein frivillig organisasjon slik: 

- er ein samanslutning av personar eller verksemder som driver verksemd på ikkje- fortenestebasert og ikkje-offentleg basis, jf. definisjonen i frivillighetsregisterloven §§ 3 og 4.    

- baserer en vesentleg del av drifta på medlemskontingentar, gåver, innsamlede midlar og/eller frivillig arbeidsinnsats. 

En frivillig organisasjon kan være:

- ei foreining (lag, forbund, nettverk eller ein paraplyorganisasjon) med medlemmar og demokratisk oppbygging, eller

- ein stiftelse eller ideelt aksjeselskap som ikkje delar ut midlar eller som berre utfører utdelingar til frivillig verksemd, jf. definisjonen i frivillighetsregisterloven §§ 3 og 4.  

Staten definerer ikkje frivillig organisasjon

I stortingsmeldinga om frivilligheitspolitikken (s.16) står det at staten ikkje ser det som  si oppgåve å definere kva som er ein frivillig organisasjon, fordi det er ein viktig føresetnad i demokratiet vårt at sivilsamfunnet definerer seg sjølv.  

Frivilligregisteret beskriv frivillig verksemd

Frivilligregisteret beskriv kva frivillig verksemd som gir rett til registrering i registeret, sjå meir i §§ 3 og 4 i frivillighetsregisterloven. 

Aktivitetskodane i Frivilligregisteret beskriv organisasjonanes aktivitet med 14 hovudkategoriar og 32 underkategoriar. Les meir om aktivitetskodene på Brønnøysundregistrene

Kjenneteikn som blir brukt på tilskudd.no  

På tilskudd.no brukar vi følgande kjenneteikn for å identifisere frivillige organisasjonar som mottakarar av tilskot: 

- Organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret

Organisasjonen har ein av sektorkodane: 

- 7000 Ideelle organisasjonar

- 2100 Private aksjeselskap mv

- 2500 Private produsentorienterte organisasjonar utan profittformål 

Tilskudd.no bruker aktivitetskodane i Frivilligregisteret (sjå over) for å beskrive ulike typar frivillige organisasjonar, blant anna til bruk i nøkkeltal.   

Fant du det du lette etter?