Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Slik brukar vi og viser data på tilskudd.no

Slik brukar vi og viser data på tilskudd.no

Løpande data: Vi viser data etter kvart som tilskotsforvaltarane publiserer i løysinga. Tal vil derfor endre seg i løpet av eit år, etter kvart som nye tilskotsordningar eller tildelingar til mottakarar frå ordningane blir publisert. Informasjonen er dermed mest fullstendig når det aktuelle året er over og alle tildelingar er registrert.

Både frivillige organisasjonar og andre tilskotsmottakarar

Hensikta med nettstaden er å vise statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Frå nokon av tilskotsordningane som er registrert i løysinga, blir det også tildelt tilskot til andre mottakarar enn frivillige organisasjonar, slik som bedrifter og kommunar. Desse tildelingane (med mottakars namn og beløp) blir vist i lista over tildelingar frå ei ordning, men i summen av statlege tilskot til frivillige organisasjonar på nøkkeltal-sidene, tel vi berre tildelingar til frivillige organisasjonar.   

Mottakarar som ikkje er frivillige organisasjonar, blir også vist på ei mottakarside som viser tildelt tilskot til disse mottakarane frå dei tilskotsordningane som er registrert i løysinga.     

Avgrensing av frivillig organisasjon på tilskudd.no

På tilskudd.no brukar vi desse  kjenneteikna for å identifisere frivillige organisasjonar: 

- Organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret 

- Organisasjonen har en av sektorkodene:

• 7000 Ideelle organisasjonar

• 2100 Private aksjeselskap mm.

• 2500 Private produsentorienterte organisasjonar utan profittformål

Kjenneteikna blir brukt på litt ulike måtar, reglane forkorleis vi vel ut og summerar er utforma i samråd med Kulturdepartementet:

For tilskotsordningar som er registrert med berre ideelle organisasjonar som mottakargruppe, reknar vi alle tildelingane med i summen av statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Vi overprøver då ikkje tilskotsforvaltarane sin vurdering av kva ein frivillig organisasjon er. Det vil vere enkelte mottakarar som ikkje er definert i Brreg som ein Ideell organisasjon, som kommunar, statsforvaltning, personleg næringsdrivande m.m.

For tilskotsordningar som har både ideelle organisasjonar og andre mottakarkategoriar, reknar vi med tildelingar til mottakarar som er registrert i Frivilligregisteret eller har sektorkode lik 7000 Ideelle organisasjonar.  

Enkeltståande tilskot blir registrert for tilskotssmottakarar som er registrert i Frivilligregisteret og har sektorkode lik enten 2100, 2500 eller 7000. 

Søk etter tilskotsordningar

På nettsida for å søke etter tilskotsordningar, brukar vi registrerte data som grunnlag for   fritekstsøk og ulike filtre: søknadsfrist, tilskotsforvaltar og om det blir stilt krav til registrering i Frivilligregisteret i ordninga. 

Fritekstsøket gir treff på søkeorda etter kor ofte og kor dei blir brukt i beskrivinga av tilskotsordningane (relevans).   

Presentasjon av ei tilskotsordning

På siden som presenterer en tilskuddsordning, vises den informasjonen som tilskuddsforvalter har registrert om ordningen.   

Søkeresultatet viser den sist publiserte versjonen av ordningen. Denne versjonen kan ha utløpt søknadsfrist. Vi viser ordninger med utløpt søknadsfrist for å gjøre søkere oppmerksom på at ordningene eksisterer. Ofte blir en tilskuddsordning videreført til nytt år, og blir da publisert med ny søknadsfrist og eventuelle oppdateringer. 

På siden som presenterer en tilskuddsordning, vises tildelinger fra ordningen for det aktuelle året med navn på tilskuddsmottaker og beløp. Informasjon om tildelinger lastes inn av forvalterne når tildelingene er gjort og forvalter markerer ordningen som “ferdig tildelt” når alle tildelinger er publisert.  

Tidligere budsjettår av en tilskuddsordning vises med design som forteller tydelig om ordningen er videreført til nytt år eller avsluttet. 

Søk etter tilskotssmottakarar

På nettsida for å søke etter tilskotsmottakarar brukar vi nøkkelinformasjon om mottakarane som   grunnlag for filter, blant anna om mottakaren er registrert i Frivilligregisteret og ev. kva aktivitetskode den har registrert seg med. Ein organisasjon kan registrere seg med tre aktivitetskodar. Vi brukar adresse frå Einingsregisteret for søk på geografisk tilhøyrsle. 

Presentasjon av tildelingar til tilskotsmottakar

Vi viser nøkkelinformasjon om tilskotsmottakaren frå Einingsregisteret og Frivilligregisteret. 

Tildelt tilskot til mottakaren blir vist sortert på tildelingar frå tilskotsordningar og enkeltståande tilskot som er registrert i løysinga.  

Nøkkeltal

På nøkkeltal-sidene tildelinger og nøkkeltall, samansti ller vi data om tilsk otsordningar, tildelingar og mottakarar, basert på det tilskotsforvaltarane har registrert. Vi bruker også informasjon frå Frivilligregisteret og Einingsregisteret. 

Vi brukar den første kategorien (primærkategorien) organisasjonane vel når dei registrerer seg i Frivilligregisteret, for å vise organisasjonen som «type frivillig organisasjon». 

Organisasjonar som ikkje er registrert i Frivilligregisteret er kategorisert som “Ukjent type frivillig organisasjon”, mottakarar som ikkje har organisasjonsnummer er kategorisert som “Mottakarar utan organisasjonsnummer”. 

Geografi

På nøkkeltal-sidene viser vi geografisk fordeling av tildelt tilskot, basert på adressa til tilskotsmottakaren i Einingsregisteret. Vi gjer merksam på at aktiviteten som blir finansiert, ikkje nødvendigvis skjeri den kommunen adressa viser. Dette vil særleg gjelde større organisasjonar på nasjonalt nivå, som typisk kan ha postadresse i ein av dei store byene, men som legger til rette for aktivitet i heile landet.  Enkelte mottakarar er ikkje registrert med adresse og kommune i Einingsregisteret og disse kategoriserast med “Ingen geografisk tilknyting”.

Fant du det du lette etter?