Tilskudd.no bruker Altinn for å styre kven som skal ha tilgang til vår publiseringsløysing.
Slik får du tilgang til å publisere på tilskudd.no
Tilgang blir gitt i Altinn. For å få tilgang til publiseringsløysinga på tilskudd.no må tilskotsforvaltaren bli tildelt retten "Publiser tilskot i tilskudd.no" i Altinn. Først må brukaren koplast til varksemda i Altinn, og så må brukaren tildelast riktig tilgang.
Tenesta er sikker. Ein brukar som blir tildelt retten «Publiser tilskot i tilskudd.no» vil ikkje få andre tilgangar til verksemda i Altinn.
Kven kan gi tilgang?
Det er den eller dei i verksemda (juridisk eining eller det næraste organisasjonsleddet) som har tildelingsrettigheit i Altinn og som må tildele riktig tilgang for brukaren. Veit du ikkje kven som har denne tilgangen kan det vere lurt å starte med å spørje personalavdelinga.
Dei som har tilgang og kan tildele tilgangane videre må ha ein av desse rollene i einingsregisteret:
- Dagleg leiar / administrerande direktør
- Styrets leiar
- Innehavar
- Komplementar
- Deltakar med delt ansvar
- Deltakar med fullt ansvar
- Styrande reiar
- Norsk representant for utanlandsk eining
- Bustyrar