Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Kjelder til data på tilskudd.no

Kjelder til data på tilskudd.no

Informasjonen på tilskudd.no blir i hovudsak registrert av tilskotsforvaltarane, samt at vi hentar og viser data frå offentlege register.

Tilskotsforvaltarane registrerer data

Det meste av informasjonen på tilskudd.no blir registrert av tilskotsforvaltarane. Dei registrerer informasjon om tilskotsordningane dei forvaltar, om tildelingar frå ordningane, samt om enkeltståande tilskot.  

Når informasjon om ei ordning er registrert første gang, kan den vidareførast til komande år. Tildelingane blir lasta inn i Excel-format. Nokon av dei største tilskotsforvaltarane leverer data maskinelt via eit API. 

Fullstendige data og god datakvalitet er avgjerande for at tilskudd.no skal fungere tilfredsstillande for brukarane våre. Data må derfor registrerast til rett tid og på riktig måte. Tilskudd.no jobbar tett med tilskotsforvaltarane og departementa for å sikre god datakvalitet.   

Kven er tilskotsforvaltarane?  

Tilskotsforvaltar er den verksemda som mottar søknader og gjer vedtak om tildeling av tilskot til mottakarar i tråd med kriteria for tilskotsordninga.  Departementa har budsjettansvar og tildeler årets tilskotsløyvingar på statsbudsjettet til underliggande verksemder (typisk direktorat og etatar) som vanlegvis er tilskotsforvaltarar. Eit departement kan også sjølv vere tilskotsforvaltar.  

Det er omlag 50 tilskotsforvaltarar som forvaltar tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søke på. Det er desse forvaltarane som informerer om sine tilskot på tilskudd.no. I alt reknar vi med omlag 90 statlege tilskotsforvaltarar.    

Vidarefordelarar av tilskot 

I nokon tilfelle lyser også tilskotsmottakarar ut midlar dei sjølv har mottatt. Desse mottakarane kallar vi «vidarefordelarar» av tilskot og dei fungerer som tilskotsforvaltarar på tilskudd.no. Vidarefordelarane er ikkje statlege tilskotsforvaltarar, men private aktørar, typisk større frivillige organisasjonar. Dei kan fordele midlar internt i organisasjonen eller lyse dei ut i ein tilskotsordning.  

Når vi summerer tildeling til frivillige organisasjonar på overordna nivå, trekker vi frå dei vidarefordelte midlane, slik at de ikkje blir rekna to gonger.   

Data om ei tilskotsordning  

For ei  tilskotsordning registrerer tilskotsforvaltarane følgande data (obligatoriske felt har stjerne): 

Tilskots-ID * (dette blir oppretta automatisk av tilskudd.no) 

Namn på tilskotsordning *

Beskriving * 

Søknadsfrist * 

Ansvarleg departement * 

Finansiering (kap./post eller spelemidlar) * 

Tilgjengelege midlar * 

Mål og målgruppe for tilskotsordninga * 

Kriterium for måloppnåing

Mottakarkategori * 

Kven kan ta i mot tilskot 

Type tilskot (driftsmidlar/ prosjektmidlar)* 

Kva kan tilskotet brukast til * 

Andre tildelingskriterium

Rapporteringskrav 

Korleis søke 

Lenke: Søknadsskjema 

Lenke: Tilskotsforvaltars nettstad om tilskotsordninga* 

Lenke: Tilskotsregelverk*

Data om tildelingar frå tilskotsordningar  

Ved innlasting av tildelingar frå ordningane, leverer tilskotsforvaltarane følgande data (obligatoriske felt har stjerne): 

Tilskots-ID *   

Budsjettår * 

Søknadsbeløp * 

Tilskotsbeløp * 

Organisasjonsnummer *  

Namn tilskotsmottakar (* - brukast berre om mottakar ikkje har org.nr) 

Namn på tiltak * 

Kort beskriving av tiltak  

Data om enkeltståande tilskot  

For et enkeltståande tilskot registrerer vi ffølgande data (obligatoriske felt har stjerne): 

Ansvarleg departement *  

Finansiering (kap./post eller spelemidlar) *  

Mål og målgruppe for det enkeltståande tilskotet *  

Tilskotssmottakar (organisasjonsnummer) *  

Fordeler tilskotssmottakar det enkeltståande tilskotet vidare? *  

Om  ja: Finansierer tilskotet ei ordning som er registrert i denne løysinga? *  

Type tilskot (driftsmidlar/ prosjektmidlar)*  

Tildelt beløp *  

Tiltak *  

Kort beskriving av tiltaket 

Data frå andre register og kodeverk

Einingsegisteret: Frå Einingsregisteret hentar vi namn, adresse, kommune, organisasjonsform og sektorkode for tilskotssmottakarar.  

Frivilligregisteret: Frå Frivilligregisteret hentar vi informasjon om aktivitetskode (ICNPO-kategori) som viser kva type frivillig organisasjon tilskotsmottakaren er. 

Statsrekneskapen:  Vi bruker en oversikt over kapittel og postar i statsrekneskapen for å kvalitetssikre registreringa av finansieringskjelda når tilskotsforvaltarane registrerer tilskotsordningar og enkeltståande tilskot. Vi bruker også koplingane mellom kapittel og post, programkategoriar og programområde i statsrekneskapen, samt ansvarlege departement for å vise nøkkeltal og i oppbygginga av filteret for temasøk på tilskotsordningar. 

Fant du det du lette etter?