Gå til hovedinnhold
Start/Tilskuddsordninger/Prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar

Prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar

Private og frivillige organisasjonar kan søke om tilskot til prosjekt som støttar prioriterte mål for grunnskolar og vidaregåande opplæring. Tildelingen i 2024 gjelder hele prosjektperioden.

Sist oppdatert

Hvis du har spørsmål om tilskuddsordningen, ta direkte kontakt med tilskuddsforvalteren Utdanningsdirektoratet

Søknadsfrist

Type tilskudd

Prosjektmidler

Tilskuddsforvalter

Finansiering

Statsbudsjettet kap. 225, post 74

Mål og målgruppe for tilskuddsordningen

Elever og lærere i grunnopplæringen

Hvem kan motta tilskudd

Private og frivillige organisasjonar i Noreg, inkludert ideelle aksjeselskap, som fullt ut fyller desse kriteria:

  • Er registrert i Einingsregisteret og Frivillighetsregisteret
  • Har eit ideelt formål i samsvar med sine vedtekter
  • Representerer ei interessegruppe, brukargruppe, eit fagfelt etc.
  • Ikkje er ei bransjeforeining
  • Ikkje er organisert av det offentlege
  • Baserer sitt arbeid på medlemsavgifter eller støtte frå offentlege styresmakter og/eller private gjevarar
  • Ikkje har som formål å tene pengar (non-profit)
  • Har vedtektsfesta at eit eventuelt overskott skal tilbakeførast til organisasjonen si drift
  • Kan bidra på ein positiv måte i arbeidet mot mobbing i skolen

Hva kan tilskuddet brukes til

For 2024 er formålet å stimulere organisasjonar til å iverksette 

• tiltak mot mobbing i skolen

• prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst

Dei prosjektretta tiltaka må vere landsdekkande, og nå flest mogeleg elevar og lærlingar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Søkjaren må kunne synleggjere den forventa nytteeffekten ved å skildre planlagde eller igangsette aktivitetar/tiltak.

Tilskottsordninga er ei prosjektstøtteordning, og organisasjonar kan derfor ikkje søke om tilskott til ordinær drift frå ordninga. Tiltaka i søknaden må gjelde prosjektretta aktivitetar som er tidsavgrensa, og som blir følgt opp som eigne økonomiske einingar. Prosjekta kan vere eittårige eller gå over fleire år, med ei maksimal tidsramme på 3 år. Med atterhald om Stortingets årlege budsjettløyving til ordninga, kan tilskotsmottakarar få innvilga prosjektstøtte for inntil 3 år, med prosjekt-avslutning seinast 31.12.2026.

Det er berre søknader som gjeld tiltak mot mobbing i skolen eller prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst  som vil bli vurderte for eventuell tilskottstildeling.

Om statsbudsjettet for tilskotsposten blir vedteke i samsvar med budsjettframlegget for 2024, vil potten til fordeling på nye prosjektsøknader vere på om lag 6 mill. kroner for 2024.

Rapporteringskrav

  • For eittårige prosjekt skal du sende inn sluttrapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret.
  • For fleirårige prosjekt skal du sende inn årlege undervegs-rapporteringar innan 1. juli, og sluttrapportering innan 1. juli i året etter det siste tildelingsåret.

Prosjektrapport og eventuelt andre dokument som skildrar gjennomføringa av prosjektet i tilskottsåret.

  • Av rapporten må det gå fram korleis organisasjonen gjennom prosjektet har medverka til å nå målset for tilskottsordninga, og korleis organisasjonens tiltak er gjennomført i samsvar med vilkåra for innvilga prosjektstøtte.

Prosjektrekneskap og revisjonsmelding for prosjektet.

  • Prosjektrekneskapen skal utgjøre ei separat eining i organisasjonen sin årsregnskap.
  • Den årlege prosjektrekneskapen skal omfatte alle prosjektet sine inntekter og kostnader, og skal vere bokført på underpost-nivå i samsvar med Norsk Standard Kontoplan NS 4102.
  • Statstilskotet fra tilskotsordninga skal spesifiserast i ei eiga linje i prosjektrekneskapen, og eventuelle tilskot frå andre statlege instansar skal også framgå i eigne linjer i prosjektrekneskapen.
  • Prosjektrekneskapen skal kunne samanhaldast med søknaden sitt prosjektbudsjett
  • For tilskot som overstig kr 100.000, skal prosjektrekneskapen reviderast av statsautorisert revisor.

Årsrekneskap og årsrapport for organisasjonens samla verksemd i det enkelte tildelingsår. Tilskottet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i resultatrekneskapen eller i note til årsrekneskapen.

Statsautorisert revisor skal:

  • Attestere årsrekneskapen og prosjektrekneskapen for tilskot som overstig kr 100.000. Revisjonsmeldingane må innehalde opplysningar om økonomisk nettoresultat i dei reviderte rekneskapane.

Hvordan søke

For å søkje nyttar du vårt elektroniske søknadsskjema
Svar på søknaden er forventa utsendt i byrjinga av mars 2024.

Tildelinger

Tildelingene må ses i sammenheng med beskrivelsen av ordningen samme år. Les mer om hvordan data vises og brukes på tilskudd.no.

Tilgjengelige midler

Ikke oppgitt

Omsøkt

8 858 000 kr

Tildelt

8 858 000 kr

Innvilget

100 %
8 858 000 kr

Tildelt andre

0 kr

Søkere

3

Mottakere

3

Søknader

4

Tildelinger

4

Mottakere og søkere

Per side:

Årsoversikt

Tildelt

Fant du det du lette etter?