Statleg tilskotsforvaltning - ord og uttrykk
Tilskot er overføringar frå statsbudsjettet, normalt til mottakarar utanfor staten, for å nå bestemte mål. Tilskot blir gitt i mange former, til ulike formål og med ulik betydning. I alt finst det 90 statlege tilskotsforvaltarar, omkring 600 tilskotsordningar og 900 enkeltståande tilskot.
- Økonomiregelverket for staten regulerer tilskotsforvaltninga
- Fagomgrep i tilskotsforvaltning
- Andre ord og uttrykk som blir brukt på nettsida
Økonomiregelverket for staten regulerer tilskotsforvaltninga
Statleg tilskotsforvaltning er regulert i økonomiregelverket, som er ein instruks for statsforvaltning og består av et reglement og bestemmingar. Tilskotsforvaltninga er mest konkret regulert i bestemmingane om økonomistyring i staten, kap. 6: Utforming og forvaltning av tilskotsordningar.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) forvaltar økonomiregelverket og gir råd og rettleiing om etterleving. Dei vurderer også behov for endringar i regelverket. Endringar i økonomiregelverket blir fastsett av Finansdepartementet.
Fagomgrep i tilskotsforvaltning
Fagomgrep på lista under er sentrale i tilskotsforvaltninga og blir brukt på denne nettstaden. Dei er også definert i Felles datakatalog.
Tilskot
Definisjon: Overføringar frå statsbudsjettet, normalt til mottakarar utanfor staten, for å nå bestemte mål, og som ikkje er anskaffing eller stønad.
Merknad: "Mottakarar utanfor staten" betyr at mottakarane er private (ikkje offentlege) rettssubjekt. Tildeling av tilskot skjer normalt på grunnlag av søknad.
Tilskotsløyving
Definisjon: Årleg vedtak i Stortinget om utgifter til statlege tilskot.
Merknad: Løyving blir normalt gitt over postane 60–85 i statsbudsjettet, men kan også bli gitt over postane 50–59 til nettobudsjetterte verksemder og statseigde fond.
Tilskotsforvaltning
Definisjon: Administrasjon av tilskotsordningar og enkeltståande tilskot.
Merknad: Tilskotsforvaltninga omfattar blant anna utlysing, saksbehandling, tildeling, kontroll, oppfølging og vurdering av måloppnåing for ordninga.
Tilskotsforvaltar
Definisjon: Organisasjon som har mynde til å administrere ei tilskotsordning eller enkeltståande tilskot.
Merknad: Departementet kan vere tilskotsforvaltar eller dei kan delegere forvaltninga til underliggande verksemd. Forvaltninga kan også blir gitt til kommunar, einingar eigd av staten eller juridiske einingar utanfor staten (stiftelsar, private m.m.). Forvaltning av ei tilskotsordning kan utførast av ein eller fleire tilskotsforvaltarar.
Tilskotsordning
Definisjon: Ordning nedfelt i regelverk for å tildele og følge opp utlyste tilskotsmidlar.
Merknad: Ansvarleg departement skal fastsette eit regelverk for ordninga som regulerer hovudelementa som skal vere del av ei statleg tilskotsordning: a) mål og målgruppe, b) kriterium for måloppnåing, c) tildelingskriterium d) opplegg for oppfølging og kontroll og ev. e) evaluering.
Tilskotsregelverk
Definisjon: Bestemmingar som gjeld for å søke og ta i mot midlar frå ei tilskotsordning og som regulerer forvaltninga av ordninga.
Merknad: Tilskotsregelverket skal regulere hovudelementa i ei tilskotsordning, jf. tilskotsordning. Dei delane av regelverket som rettar seg mot private, skal i de fleste tilfelle fastsettast som forskrift.
Tilskotsbeløp
Definisjon: Beløp som tilskotsforvaltar har vedtatt å tildele tilskotsmottakar, og som blir formidla i tilskotsbrev.
Merknad: Tilskotsbeløpet blir fastsett i tråd med tildelingskriteria for ordninga, jf. tildelingskriteria. Tilskotsbeløp kan også være øyremerka, jf. enkeltståande tilskot.
Tilskotssmottakar
Definisjon: Organisasjon eller enkeltperson som får midlar frå ei tilskotsordning eller enkeltståande tilskot.
Tildelingskriterium
Definisjon: Kriterium som tilskotsforvaltar bruker for å vurdere søknader og gjere vedtak om tildeling og avslag.
Merknad: Tildelingskriterium skal inngå i regelverket for tilskotsordninga, jf. tilskotsregelverk.
Tilskotsbrev
Definisjon: Brev frå tilskotsforvaltar til tilskotsmottakar som deler vedtak om tildeling av tilskot og vilkår for tildelinga.
Enkeltståande tilskot
Definisjon: Tilskot som er øyremerka til mottakaren utan å vere utlyst frå ei tilskotsordning.
Merknad: Øyremerking skjer ved at mottakar blir namngitt i løyvingsvedtaket, eller omtalt i budsjettproposisjonen, på ein slik måte at tilskotsløyvinga må sjåast øyremerka til vedkommande. Dette er eit unntak i bestemmingane om økonomistyring, ved at departementet kan gjere unntak frå krav om å fastsette tildelingskriterium, fastsette tilskotsregelverk og krav om utlysing.
Andre ord og uttrykk som blir brukt på nettsida
Tilgjengelege midlar: Summen av midlar som er tilgjengeleg for søkarane i tilskotsordninga dette året, inkludert overførte midlar frå tidlegare år.
Tiltak: Aktiviteten som tilskotsmottakar får tilskot til å gjennomføre.
Vidarefordelar av statlege tilskot
På tilskudd.no viser vi til tilskotsordningar som ikkje blir forvalta av statlege verksemder, men av ideelle og frivillige organisasjonar. Desse organisasjonane har typisk fått eit enkeltståande tilskot som finansierer tilskotsordninga som dei lyser ut midlar frå. Vi kallar desse for «vidarefordelarar», og på tilskudd.no opptrer desse på linje med dei statlege tilskotsforvaltarane.
Ein vidarefordelar er ein tilskotsmottakar som vidarefordelar heile eller deler av tilskotet vidare til andre mottakarar. Vidarefordelaren har mottatt tilskotet med vilkår om å fordele det vidare. Vilkåra om å fordele vidare blir formidla frå tilskotsforvaltar i tilskotsbrevet. Det er typisk eit enkeltståande tilskot som blir tildelt med slike vilkår.