Slik brukar vi og viser data
Vi viser data etter kvart som tilskotsforvaltarane publiserer på tilskudd.no. Tala vil derfor endre seg etter kvart som nye tilskotsordningar, eller tildelingar blir publisert. Informasjonen er derfor mest fullstendig når året er over og alle tildelingar er registrert.
- Både ideelle og frivillige organisasjonar, og andre tilskotsmottakarar
- Avgrensing av ideell og frivillig organisasjon på tilskudd.no
- Søk etter tilskotsordningar
- Presentasjon av ei tilskotsordning
- Søk etter tilskotssmottakarar
- Presentasjon av tildelingar til tilskotsmottakar
- Geografi
Både ideelle og frivillige organisasjonar, og andre tilskotsmottakarar
Hensikta med tilskudd.no er å vise statlege tilskot til ideelle og frivillige organisasjonar. Frå nokon av tilskotsordningane som er registrert i løysinga, blir det også tildelt tilskot til andre mottakarar, slik som bedrifter og kommunar. Desse tildelingane (med mottakars namn og beløp) blir vist i lista over tildelingar frå ei ordning. I summen av statlege tilskot til ideelle og frivillige organisasjonar, viser vi likevel berre tildelingar til ideelle og frivillige organisasjonar.
Mottakarar som ikkje er ideelle eller frivillige organisasjonar, blir også vist på ei mottakarside. Denne sida viser tildelt tilskot til desse mottakarane frå dei tilskotsordningane som er registrert i løysinga.
Avgrensing av ideell og frivillig organisasjon på tilskudd.no
På tilskudd.no brukar vi desse kjenneteikna for å identifisere ideelle og frivillige organisasjonar:
- Organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret
- Organisasjonen har sektorkode 7000 Ideelle organisasjonar
Regelen for korleis vi vel ut og summerer tildelingar er utforma i samråd med Kultur- og likestillingsdepartementet:
Tildelingar til organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret eller har sektorkode 7000 ideelle organisasjonar, blir presentert som tildelingar til ideelle og frivillige organisasjonar.
Regelen vart justert i 2024 med verknad for alle historiske tildelingar.
Søk etter tilskotsordningar
For å søke etter tilskotsordningar på nettsida, brukar vi registrerte data som grunnlag for fritekstsøk og ulike filter: type tilskot, tilskotsforvaltar og om det blir stilt krav til registrering i Frivilligregisteret i ordninga.
Fritekstsøket gir treff på søkeorda etter kor ofte og kor dei blir brukt i beskrivinga av tilskotsordningane (relevans).
Presentasjon av ei tilskotsordning
På nettsida som presenterer ei tilskotsordning, viser den informasjonen som tilskotsforvaltar har registrert om ordninga.
Søkeresultatet viser den sist publiserte versjonen av ordninga. Denne versjonen kan ha utgått søknadsfrist. Vi viser ordningar med utgått søknadsfrist for å gjere søkarar merksam på at ordningane finst. Ofte blir ei tilskotsordning vidareført til nytt år, og blir då publisert med ny søknadsfrist og eventuelle oppdateringar.
På sida blir det vist tildelingar frå ordninga for det aktuelle året, med namn på tilskotsmottakar og beløp. Informasjon om tildelingar blir lasta inn av forvaltarane når tildelingane er gjort. Forvaltar markerer ordninga som “ferdig tildelt” når alle tildelingar for det aktuelle året er publisert.
Det blir vist tidlegare budsjettår av ei tilskotsordning og det kjem fram om ordninga er vidareført til nytt år, eller avslutta.
Søk etter tilskotssmottakarar
På nettsida for å søke etter tilskotsmottakarar brukar vi nøkkelinformasjon om mottakarane som grunnlag for filter. Blant anna om mottakaren er registrert i Frivilligregisteret og kva aktivitetskode den har registrert seg med. Ein organisasjon kan registrere seg med tre aktivitetskodar. Vi brukar adresse frå Einingsregisteret for søk på geografisk tilhøyrsle.
Presentasjon av tildelingar til tilskotsmottakar
Vi viser nøkkelinformasjon om tilskotsmottakaren frå Einingsregisteret og Frivilligregisteret.
Tildelt tilskot til mottakaren blir sortert på tildelingar frå tilskotsordningar og enkeltståande tilskot som er registrert i løysinga.
Geografi
På sidene for nøkkeltal og tildelingar viser vi geografisk fordeling av tildelt tilskot. Dette er henta frå adressa til tilskotsmottakaren i Einingsregisteret. Vi gjer merksam på at aktiviteten som blir finansiert, ikkje nødvendigvis skjer i den kommunen adressa viser. Dette vil særleg gjelde større organisasjonar på nasjonalt nivå, som typisk kan ha postadresse i ein av dei store byane, men som legg til rette for aktivitet i heile landet. Enkelte mottakarar er ikkje registrert med adresse og kommune i Einingsregisteret og desse blir kategorisert med “Ingen geografisk tilknyting”.