Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Kjelder til data

Kjelder til data

Informasjonen på tilskudd.no blir i hovudsak registrert av tilskotsforvaltarane. I tillegg hentar og viser vi data frå offentlege register.

Tilskotsforvaltarane registrerer data

Det meste av informasjonen på tilskudd.no blir registrert av tilskotsforvaltarane. Dei registrerer informasjon om tilskotsordningane dei forvaltar, om tildelingar frå ordningane, samt om enkeltståande tilskot.
Når informasjon om ei ordning er registrert første gang, kan den vidareførast til komande år. Tildelingane blir lasta inn i Excel-format. Nokon av dei største tilskotsforvaltarane leverer data maskinelt via eit API.
Fullstendige data og god datakvalitet er avgjerande for at tilskudd.no skal fungere tilfredsstillande for brukarane våre. Data må derfor registrerast til rett tid og på riktig måte. Tilskudd.no jobbar tett med tilskotsforvaltarane og departementa for å sikre god datakvalitet.

Kven er tilskotsforvaltarane?

Ein tilskotsforvaltar er den verksemda som mottar søknader og gjer vedtak om tildeling av tilskot til mottakarar, i tråd med kriteria for tilskotsordninga. Departementa har budsjettansvar og tildeler årets tilskotsløyvingar i statsbudsjettet til underliggande verksemder (typisk direktorat og etatar) som vanlegvis er tilskotsforvaltarar. Eit departement kan også sjølv vere tilskotsforvaltar.
Det er omlag 50 tilskotsforvaltarar som forvaltar tilskotsordningar som ideelle og frivillige organisasjonar kan søke på. Det er desse forvaltarane som informerer om sine tilskot på tilskudd.no.

Vidarefordelarar av tilskot

I nokon tilfelle lyser også tilskotsmottakarar ut midlar dei sjølv har mottatt. Desse mottakarane kallar vi «vidarefordelarar» av tilskot og dei fungerer som tilskotsforvaltarar på tilskudd.no. Vidarefordelarane er ikkje statlege tilskotsforvaltarar, men private aktørar, typisk større ideelle og frivillige organisasjonar. Dei kan fordele midlar internt i organisasjonen eller lyse dei ut i ei tilskotsordning.
Når vi summerer tildeling til ideelle og frivillige organisasjonar på overordna nivå, trekker vi frå dei vidarefordelte midlane, slik at dei ikkje blir rekna to gonger.

Data om ei tilskotsordning

For ei tilskotsordning registrerer tilskotsforvaltarane følgande data (obligatoriske felt har stjerne):  
  • Tilskots-ID * (dette blir oppretta automatisk av tilskudd.no)
  • Namn på tilskotsordning *
  • Beskriving *
  • Søknadsfrist *
  • Ansvarleg departement *
  • Finansiering (kap./post eller spelemidlar) *
  • Tilgjengelege midlar *
  • Mål og målgruppe for tilskotsordninga *
  • Kriterium for måloppnåing
  • Mottakarkategori *
  • Kven kan ta i mot tilskot
  • Type tilskot (driftsmidlar/ prosjektmidlar)*
  • Kva kan tilskotet brukast til *
  • Andre tildelingskriterium
  • Rapporteringskrav
  • Korleis søke
  • Lenke til søknadsskjema
  • Lenke til tilskotsforvaltars nettstad om tilskotsordninga*
  • Lenke til tilskotsregelverk*

Data om tildelingar frå tilskotsordningar

Ved innlasting av tildelingar frå ordningane, leverer tilskotsforvaltarane følgande data (obligatoriske felt har stjerne):
  • Tilskots-ID * (*obligatorisk ved bulkopplasting)
  • Budsjettår *
  • Søknadsbeløp *
  • Tilskotsbeløp *
  • Organisasjonsnummer *
  • Namn tilskotsmottakar (* - brukast berre om mottakar ikkje har org.nr)
  • Namn på tiltak *
  • Kort beskriving av tiltak 

Data om enkeltståande tilskot

For eit enkeltståande tilskot registrerer vi følgande data (obligatoriske felt har stjerne):
  • Ansvarleg departement *
  • Finansiering (kap./post eller spelemidlar) *
  • Mål og målgruppe for det enkeltståande tilskotet *
  • Tilskotssmottakar (organisasjonsnummer) *
  • Fordeler tilskotsmottakar det enkeltståande tilskotet vidare? *
  • Om ja: Finansierer tilskotet ei ordning som er registrert i denne løysinga? *
  • Type tilskot (driftsmidlar/ prosjektmidlar)*
  • Tildelt beløp *
  • Tiltak *
  • Kort beskriving av tiltaket

Data frå andre register og kodeverk

  • Frå Einingsregisteret hentar vi namn, adresse, kommune, organisasjonsform og sektorkode for tilskotsmottakarar.
  • Frå Frivilligregisteret hentar vi informasjon om aktivitetskode (ICNPO-kategori) som viser kva type frivillig organisasjon tilskotsmottakaren er.
Vi brukar ei oversikt over kapittel og postar i statsrekneskapen for å kvalitetssikre registreringa av finansieringskjelda når tilskotsforvaltarane registrerer tilskotsordningar og enkeltståande tilskot. Vi bruker også koplingane mellom kapittel og post, programkategoriar og programområde i statsrekneskapen, samt ansvarlege departement for å vise nøkkeltal.

Fant du det du lette etter?