Gå til hovedinnhold
Start/Om tilskudd.no/Kva er ein ideell og frivillig organisasjon

Kva er ein ideell og frivillig organisasjon

Det finst ikkje ein juridisk definisjon av ein ideell eller frivillig organisasjon. I staden brukar vi kjenneteikn for å beskrive og avgrense kva som er ideelle og frivillige organisasjonar. Ulike aktørar som skal relatere seg til ideelle og frivillige organisasjonar, definerer og beskriv omgrepet ut frå sitt bruksområde.

Kjenneteikn

  • organisasjonen har sektorkode 7000 Ideelle organisasjonar i Einingsregisteret
  • organisasjonen har registreringsrett i Frivilligregisteret
  • er ikkje organisert av det offentlege
  • har ikkje profitt/forteneste som formål

Staten definerer ikkje frivillig organisasjon

I stortingsmeldinga om frivilligheitspolitikken (s.16) står det at staten ikkje ser det som si oppgåve å definere kva som er ein ideell eller frivillig organisasjon, fordi det er ein viktig føresetnad i demokratiet vårt at sivilsamfunnet definerer seg sjølv.

Frivillighet Norges definisjon

Frivillighet Norge, samarbeidsforum for frivillige organisasjoner i Noreg, definerer ein frivillig organisasjon slik:
  • baserer ein vesentleg del av drifta på medlemskontingentar, gåver, innsamla midlar og/eller frivillig arbeidsinnsats.
Ein frivillig organisasjon kan vere:
  • ei foreining (lag, forbund, nettverk eller ein paraplyorganisasjon) med medlemmar og demokratisk oppbygging, eller
  • ein stiftelse eller ideelt aksjeselskap som ikkje delar ut midlar eller som berre utfører utdelingar til frivillig verksemd, jf. definisjonen i frivillighetsregisterloven §§ 3 og 4.
Ein frivillig organisasjon kan registrere seg i Frivilligregisteret. For å kunne registrere seg der må organisasjonen oppfylle krav i Lov om register for frivillig virksomhet.
Frivillige organisasjonar er ikkje det same som ideelle organisasjonar. Ideelle organisasjonar har ideelle føremål, men organiserer seg ikkje nødvendigvis på ein måte som gjer at dei kan registrerast i Frivilligregisteret.

Kjenneteikn som blir brukt på tilskudd.no

På tilskudd.no brukar vi følgande kjenneteikn for å identifisere ideelle og frivillige organisasjonar som mottakarar av tilskot:
  • Organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret
  • Organisasjonen har sektorkoden 7000 Ideelle organisasjonar i Einingsregisteret
Tilskudd.no brukar aktivitetskodane i Frivilligregisteret for å beskrive ulike typar frivillige organisasjonar, blant anna til bruk i nøkkeltal. Aktivitetskodane i Frivilligregisteret beskriv organisasjonane sin aktivitet med 14 hovudkategoriar og 32 underkategoriar. Les meir om aktivitetskodene på Brønnøysundregistrene.
Ideelle organisasjonar blir kategorisert ved bruk av sektorkode 7000.

Fant du det du lette etter?